Tuberkulosekrigaren som stranda på Stranda

posted in: Personalhistorie | 0

Av Bergljot Engeset (Njotarøy 2007)

Distriktslege Oddmund Torgersen frå Skjerpe

I 40 år var Oddmund Torgersen frå Nøtterøy distriktslege i det store og vanskelege Stranda legedistrikt på Sunnmøre. Dr. Torgersen var ein tuberkulosekrigar i særklasse, ein diagnosemeister, legen som aldri sa nei. Han vart ein helt i levande live, ein velgjerar for heile distriktet. Oddmund Torgersen frå Nøtterøy var distriktslege i Stranda frå 1924 til 1964.

Oddmund Torgersen frå Nøtterøy var distriktslege i Stranda frå 1924 til 1964.

Oddmund Sigurd Lund Torgersen var berre 27 år då han i 1924 kom frå det milde Vestfold og skulle ta til som einaste lege i eit vilt og veglaust fjell- og fjordlandskap på Nordvestlandet. Stranda legedistrikt omfatta bygdene Dyrkorn, Stordal, Stranda, Hellesylt, Geiranger og alle dei avsidesliggande gardane i fjellsidene langs Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og ein del av Storfjorden. Den gongen budde det fleire hundre menneske på desse gardane, og dr. Torgersen var på sjukebesøk hos dei fleste. Det er knapt nokon person utanom eigen familie fjordfolket minnest med større kjærleik enn distriktslege Torgersen.

Oddmund Torgersen var fødd på garden Skjerpe 2. august 1896. No er det SMI-skolen i Vestfold som held til på garden.

Vaks opp på Skjerpe

Oddmund Torgersen var fødd på garden Skjerpe 2. august 1896. Faren, skipsførar Ole Torgersen, var frå Tenvik. Mora, Sofie Lund, var dotter til lærar Anders O. Lundh på Tømmerholt. I 1903 vart det vesle bruket Rosenborg skilt ut frå hovudbruket på Tømmerholt, og overteke av familien Torgersen. I 1915 omkom Ole Torgersen. Seglskipet han førte, “Trans I”, gjekk ned på ei reise frå Hull til Trondheim. Oddmund Torgersen var då i ferd med å ta studenteksamen ved Tønsberg i Gymnas. På hovudbruket på Skjerpe budde besteforeldra hans: Elise Aleida Knudsen, som hadde vakse opp på garden, og Anders Olsen Lundh, som kom frå Nord-Aurdal. I 1861 tok Lundh eksamen ved Asker seminar, og vart ein svært streng lærar ved Tømmerholt skole. Anders O. Lundh var ein kjend og akta mann i det offentlege livet på Nøtterøy. Han var med både i heradsstyre og formannskap, han var formann i skulestyret og formann i fattigstyret. Oddmund Torgersens myndige bestefar vart også tildelt borgardådsmedaljen for sine 58 år som lærar i folkeskulen. Han døydde mett av dagar i 1932, 91 år garumal. Same året tok Oddmund Torgersen over Skjerpe. Dr. Torgersen hadde då budd åtte år på Stranda og treivist godt. Den gamle odelsgarden på Nøtterøy, som han pakta bort, vart eit årvisst sommarferiemål.

Helten i den kvite frakken

Det er mange grunnar til at dr. Torgersen i fjordbygdene er blitt ståande som sjølve symbolet på “helten i den kvite frakken”. For det første var han her lenger enn nokon annan distriktslege. Han vart kjend med fleire generasjonar i same slekta og fekk godt innblikk i arv og sjukdomsdisposisjonar — noko som sjølvsagt kom “diagnosemeisteren” til nytte. I dei 40 åra Torgersen var på Stranda, såg nabodistriktet Norddal ikkje mindre enn sju legar kome og gå. Dette førte til at Torgersen ofte også hadde Norddalsbygdene å ta seg av.

Medan andre distriktslege-kapasitetar kanskje let etter seg større medisinske arbeid, brukte dr. Torgersen alt han hadde av tid og krefter i lokalsamfunnet. Bortsett frå året 1931, då han var kandidat ved Vestfold fylkessjukehus i Tønsberg, heldt han seg på Stranda. I ei tid det nesten ikkje fanst framkomelege vegar i distriktet, då langtfrå alle hadde telefon og telefonstasjonen dessutan var nattestengt, kunne det å få fatt i ein lege som farta rundt i tre kommunar, vere meir enn problematisk. Då var det godt å vite at fekk ein først bodsendt Torgersen, så kom han. Uansett tid på døgnet, vér og føre. Då dei på den vesle fjellgarden Åkernes ein vinterdag skulle varsle dr. Torgersen, måtte dei først ro til Hellesylt for å få telefonert, 12 kilometer kvar veg. Då Torgersen midt på natta nådde Åkernes-naustet og skulle ta seg opp dei bratte og glatte bakkane i snøkaven, fann Akernes-karane det tryggast å slå eit tau rundt livet på den dyrebare dokteren. Og slik kom Torgersen til gards den gongen.

Odelsgarden som hobby

Der dei andre bidragsytarane i 25-årsjubileumsboka “Studentene fra 1915” nemner hobbyen sin, skriv dr. Torgersen: “Driver en gammel odelsgård på Nøtterøy med betydelig økonomisk tap hvert år.”

Bror til Oddmund, Ebbe, tok medisinsk embetseksamen i 1928, og var mellom anna kirurgisk assistentlege ved Trondheim sjukehus og Ullevål sjukehus i Oslo. Då han i 1938 gifte seg, gav Oddmund Torgersen brudeparet sin halvpart av Rosenborg, vel tre dekar tomt og hage og eit våningshus, i gåve.

I 1939 kjøpte dr. Torgersen 14 dekar innmark og 50 dekar utmark frå bruk nr. 2 på Skjerpe. Seinare skøytte han eigedommen over til sonen Edgar. Etter grandtanta si, Helene Lund, som var lærarinne i Tønsberg, arva Edgar hytta Tuftehaugen, like ved våningshuset på Skjerpe. Det var Torgersens steson Åge, og kona hans Solveig, fødd Merok, som etter kvart busette seg på hovudbruket. For dr. Torgersen og resten av familien hans på Stranda, vart den gamle odelsgarden på Nøtterøy fast sommarferiemål.

I 1940 skaffa dr. Torgersen seg ny båt: ein 35 fot stor kuttar som fekk namnet ”Poff”.

Kvifor til Stranda?

Den unge distriktslegen som ein vakker februardag i 1924 steig i land på Stranda-kaia, hadde medisinsk embetseksamen frå Kristiania — hovudkarakter laud — og ein kortare praksisperiode som konstituert distriktslege i Edøy og Lyngdal bak seg. Dessutan var han nygift. Kona hans heitte Aslaug “Assemor” Hanssen, og var frå Vinger. Seinare kom også tvillingsystera hennar, Ruth, og vart ein trugen medhjelpar. Utan desse to hadde Torgersen ikkje greidd det tunge arbeidspresset i legedistriktet. I 1925 fekk dokterparet ein son, Edgar, som var psykisk utviklingshemma.

Mange har undra seg over valet den nyutdanna legen frå Vestfold gjorde. Kvifor søkte han seg akkurat hit: til det store og vanskelege Stranda legedistrikt? Kvifor ville han bli distriktslege og ikkje sjukehuslege? Var motivet eventyrlyst? Eit ønske om å oppleve Utkant-Norge? Eller var motivet idealisme og sterkt samfunnsengasjement? Det er mykje vi aldri får vite om dr. Torgersen. Papira, breva, dokumenta han fann viktige nok til å ta med seg tilbake til Skjerpe, skal ha blitt brende etter at han døydde. Det vesle som låg att i doktergarden på Stranda, er det heller ikkje spor etter. Men heldigvis finst det eit Riksarkiv, med dei viktige årlege medisinalmeldingane frå distriktslegar i alle fylke.

Tuberkulosen største trugsmål

Det var tuberkulosen som var største trugsmålet for helsa i distriktet i 1920-åra. Dr. Torgersen melder også om paratyfus, akutt poliomyelitt, skarlaksfeber og meslingepidemiar som til dels var vondarta med alvorlege komplikasjonar. Elles er helsetilstanden i distriktet god, seier han i den første medisinalmeldinga si: “Alkohol og tobakk er litet utbredt som nydelsemidler. Folket er meget edruelig og staar moralsk set højt.»

På eige initiativ tok Torgersen opp ein systematisk kamp mot tuberkulosen og fekk han under kontroll. Før det vart ytt offentleg tilskott til tuberkulinprøvar, gjorde dr. Torgersen gratisundersøkingar. Han dekte sjølv innkjøp av tuberkulin og reiseutgiftene. Gjennom medisinalmeldingane kan vi følgje legen og distriktet gjennom dei 40 åra Torgersens gløgge, gode blikk observerte det. Der dei andre legane kanskje skreiv ei side om tilstanden i distriktet sitt, skreiv Torgersen både sju og åtte sider.

Foredragshaldar og festtalar

Møteprotokollane for helselaga, idrettslaga og ungdomslaga i distriktet fortel at dr. Torgersen var ein mykje nytta foredragshaldar, og han vart heidersmedlem i fleire lag. Det blir sagt at han aldri sa nei når dei unge bad han om noko. Eitt tema han ofte snakka om, var “Badingen og dens betydning for folkehelsen”. Torgersen var også ein populær festtalar. “Når jeg ser tilbake på den tid jeg har virket her i Stranda lægedistrikt, har det vært en eventyrlig utvikling på alle medisinens felter,” sa dr. Torgersen då Stranda sjukestove vart opna 17. maí 1956:

Dr. Torgersen med sine to kvinner, Aslaug og Ruth, og ”sjåfør” Edgar i dokterhagen.

“For meg personlig som i ett distrikt har opplevet all denne grotid og utvilding, så er det hele som et stort og deilig eventyr. Hygienen, ja den medisinske forskning arbeider utrettelig videre med det formål å hjelpe syke og lidende menneske. Med andre ord: å gjøre den enkelte frisk, sterk og glad, og gi hele folket sunnhet og lykke.” Sjølv om dr. Torgersen sette stor pris på folket og livet i fjordbygdene, hadde han mange tunge stunder — både i legegjerninga og privat. Etter at først søster Ruth, og sidan frua døydde, hadde dokteren og Edgar vore åleine i doktergarden. Den gamle distriktsiegen var trøytt og sliten og sjuk. Han utsette å søkje legehjelp og tydde til eige medisinskåp når livssmerter skulle døyvast. “Indisponert” var vel eit uttrykk som stadig oftare vart brukt — dei siste åra — men då hadde han fatt ein turnuslege ved sida av seg på kontoret på sjukestova.

Dr. Oddmund Torgersen held talen for kongen 17. mai 1945.

Tilbake til Skjerpe

Flyttelasset til dr. Torgersen var så lite det kunne bli, då han i 1964 reiste tilbake til Skjerpe. Det seiest han for i den same grå gabardinfrakken som han kom i, 40 år tidlegare. Rik på gods og pengar vart han ikkje, men han fekk Kongens fortenestemedalje i gull, og det var med varme ord og stor takk folket i distriktet tok avskjed med han. “Det mest vanlege ordet i dag er å tene mest mogeleg — men du ville heller tene andre. Det var ditt ideal.” Sa ordføraren i Stranda under avskjedsfesten.

Det var ikkje mange dr. Torgersen hadde kontakt med etter at han kom tilbake til Nøtterøy. Familien var liten, nære omgangsvenner hadde han ikkje. Den pensjonerte, sterkt sjukdomsprega legen stelte sjølv for seg og sonen Edgar i huset på Skjerpe. Seinare fekk Edgar plass i trygdebustaden på Stranda, og der bur han framleis. Garden og hytta på Skjerpe var det sonen til Ebbe, lektor Knud Thorgersen, som tok over. Den siste tida etter han var stomioperert, låg dr. Torgersen på Gipø pleieheim. Han såg fram til å fa kvile for godt.

Edgar Torgersen ved minnesteinen som er reist over dr. Torgersen i Stranda sentrum. Bronserelieffet er laga av bilethoggaren Ellen Jakobsen.

Gravlagt på Stranda

Oddmund Sigurd Lund Torgersen sovna stille inn søndag 5. mars 1972, 75 år gammal. Han vart bisett i Nøtterøy kapell fredag 10. mars. Etter eige ønske vart dr. Torgersen gravlagd på Stranda. Gravferda var 20. mars, og den vakkert pynta kyrkja var fullsett av folk frå alle bygdene i det gamle distriktet hans: “Oddmund Torgersen kom til Stranda som innflyttar, men fann seg straks til rette mellom folket her. Han fekk seg etter kvart ein plass i folkesinnet som ingen annan på Stranda har fått,” sa soknepresten i talen sin. Nokre år seinare vart det reist minnestein over dr. Torgersen i den gamle dokterhagen, midt i Stranda sentrum. Den dag i dag blir folk i Stranda legedistrikt tydeleg gripne når dr. Torgersen kjem på tale; legen som alltid kom når han vart bodsend og som ikkje gjekk frå kontoret før alle som venta hadde fått hjelp. Det er ein stor rikdom å kunne få ha eit slikt menneske å minnast.

Follow Bergljot Engeset:

f. 1941 på Stranda, bur i Oslo. Statens Teaterskole og Norsk Journalisthøgskole. Arbeidet som journalist og redaktør. Gitt ut flere bøker, blant annet Dr. Torgersen (2001).

Latest posts from

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.